VÅRTUR MED HURTIGRUTA 2024

VÅRTUR MED HURTIGRUTA 2024

Publisert av Ivan Sjåstad den 02.05.24.

Den 11. april 2024 møttes 37 Telepensjonistar frå heile landet på Hurtigruta Nordlys i Bergen, for 6 dagar nordover frå Bergen til Kirkenes. 10 stk gjekk i land der, og tok fly heim, medan me 27 andre snudde turen sørover igjen!

Me var Telepensjonistar frå heile landet, frå Kongsvinger, Sarpsborg, Oslo, Asker, Tønsberg, Follebu, Sirevåg, Stavanger, Haugesund, Kaupanger, Voss, Bergen og Hjørungavåg!

Dette vart ei fin og triveleg blanding, som hadde ein utruleg flott tur.

Starten frå Bergen skjedde i duskregn, og turen over Stadt var litt uroleg, men været vart betre etter lenger me kom nordover og i Bodø kom sola. Titten inn i Trollfjorden ved midnatt var magisk. På vinter/vår turen går ikkje skipet inn der, men på tilbaketuren fekk me Trollfjorden i sol, og med ørn som svinga seg over skipet! Dei som var med båt på ørnesafari fekk ei heilt magisk oppleving, 4 ørner fekk dei sjå og festa nokon på linsa!

Vårt Coastal Experiense Team, Ingebjørg, Hege og Tarjei var høgt og lågt både på skipet og på land, med utallige arrangement og utflukter! På turen nordover var det 33 forskjellige utflukter ein kunne bestilla, på turen sørover 20. Noko for ein kvar smak. I tillegg var det møter, føredrag og samankomstar dagleg. Polarsirkelseremonien var kald og våt, då dei som våga delta fekk ei ause og to med is nedover ryggen, før dei fekk varma seg på ein shot!

Det skjedde noko heile tida dersom ein ynskte å delta, ingen tid til å kjeda seg! I tillegg var det 3 måltid for dagen, der både auga og magen fekk sitt. Nydeleg mat, og utruleg hyggeleg personale! Vår restaurantsjef, Michael, kunne ein møta overalt, og han hadde alltid eit smil og eit nikk på lur!

Det vart diverre litt sjukdom blant våre, så nokre gjekk glipp av utflukter som var målet.

Men alt i alt, ei fantastisk reise gjennom eit fantastisk landskap! Nord-Norge bør opplevast!

Takk for ein flott tur med Hurtigruta Nordlys!

Kjellaug Gjerstad Norheim, reiseleiar.

Ps!  for flere (mange) bilder, sjekk Album i menyen !