Medlemsmøte 13. oktober 2026

Publisert av Torleif Hopland den 16.10.26.

Kjekt medlemsmøte i Tabernaklet tirsdag 13. oktober 2026 som starta med snittar og kaffi for dei 50 frammøtte. Det vart orientert frå turgruppa om jolabordet, Italiatur og Svalbardtur 2027. Så kom dei to flotte pensjonistane, Svein Olav Steindal og Thor Olav Sønnervik, og tok oss med på ei musikalsk reise, som starta med Leonard Cohen sine songar, som Steindal hadde oversett til norsk. Steindal var skikkeleg Cohen fan, og det var fint og spesielt å høyra dei på norsk. Deretter vart det Bob Dylan, og også kom på norsk, før dei gjekk over til Beatles på engelsk. Allsongen vart òg på engelsk! Dette var to gode kjuaguttar, som gav oss èin veldig fin time, med god respons frå salen. Synd ikkje fleire var møtt fram.