Torsdag 27. august 2026 drog 7 av 14 Telepensjonister, tilslutta avd Stord, på sommarutflukt til Bekkjarvik. Vi tok hurtigbåt fra Leirvik kl 10.10 og returnerte til Leirvik kl 18.05. Været var heilt fantastisk, datoen vart bestemt for fleire veker sidan med forbehold om godt vær. Me åt nydeleg lunsj på Bekkjarvik Gjestgiveri. Etter lunsjen gjekk me opp i den fantastiske flotte parken med flott utsikt over bygda og sjøen. Me avslutta med is på ein kafé før hurtigbåten tok oss tilbake til øya vår. Alle var einige om at turen kunne ikkje vore betre og heller ikkje været. På båten til Austevoll serverte me kaffi og Berthas Kling. Litt forfriskningar hadde me og oppe i parken. Takk for ein kjekk dag.
Helsing Telepensjonistane avd Stord
Ann-Mari Nilsen, kontaktperson på Stord

