Den 3. juni var me èin kjekk vossagjeng som var på kortreist sommartur! I år gjekk turen til Park hotell, og den berømte vinkjelleren der ca 47.000 vinflasker er lagra i gamle kjellerrom! Me fekk eit glas champagne i handa, og vindirektør Reidar R Johansen tok oss gjennom ei fantastisk reise og omvising i vinens verden! Heilt utruleg at vesle Voss kan skilte med verdens beste vinkjeller! Hurra! Etter denne reisa vart det middag mm i restauranten i Pianobaren! Berre nokre av oss hadde vore i kjellaren her før, så det vart ei aha oppleving for dei fleste! Èin kjekk avslutning av vårsesongen for oss Telepensjonistane!









