Jolatreff på voss 4. desember 2024
Onsdag 4. desember møtte 16 medlemmer på Voss fram på Fleischers hotell saman med 3 frå styret. Me starta i Fredriks Bar med litt bobler i glaset, før me gjekk inn i Seckmanstuene, der vertinna Gerd Ohnstad Tønjum ynskte oss velkomen til Fleischers for 9. gong. Nestleiar Kjellaug Gjerstad Norheim kunne ynskja velkomen til endå eit jolatreff! Vossingane ynskjer å samlast på Voss, i staden for jolabord i Bergen.
Etter at alle hadde fått noko i glaset, og jolasong med musikk av Dagfinn Norheim, kom det nydeleg indrefilet og laks på bordet.
Det vart nokre historier, og meir song, før me fekk kjempegod karamellpudding og kaffi!
Gerd hadde gratislotteri, der Jarle Hjørnevik var den heldige vinnaren!
Då var det på tide å ynskja alle eit god jol og vel møtt i 2025! Me avslutta med songen Fager er jordi!