Sommerutflukt-2024-Stord

Publisert av Ivan Sjåstad den 21.09.24.

Sommar utflukt til Haugesund for Telepensjonistane fra Stord 27.08.24

Me var 6 damer som deltok på busstur til Haugesund. Desse var med: Magnhild Thorland, Åshild Kalleklev, Astrid Himle, Asbjørg Bolkan, Liv Marit Notland og Ann-Mari Nilsen.

Me starta med 700 bussen fra Leirvik kl 9 mot Raglamyr i Haugesund. Det vart ein busstur på ca 1,5 time. 6 damer stilte med godt humør trass kraftige regnbyger. Det minna mer om haust enn sommar utflukt. Fyrste stopp vart kaffi og rundstykke på Haugli Bakeri. Deretter vart det litt shopping, fotografering og gode samtalar. Litt av kvart kom i handlenetta etter kvart. Kl 13 samla me oss på «Kjøkken & Kaffe» til eit felles måltid. Menyen valgte kvar og ein. Det var Biffsnadder, Fish and Chips og Nachos. Maten smakte fortreffelig og praten gjekk lystig. Fleire fotoseansen vart gjort med sjølvutløysar under vegs. Med litt av kvart ekstra i bagasjen måtte me tenka på heimvegen. Bussen gjekk fra Raglamyr/Amandasenteret kl 15 og me var på Lervik ca 17.30. Me hadde ein kjekk tur ilag sjølv i dårleg vær. Til neste år må me få avvikla turen litt tidlegare på sommaren. Takk for kjekt lag for dåke som var med . Magnhild, Åshild, Astrid, Asbjørg, Liv Marit og Ann-Mari.


Helsing kontaktperson på Stord Ann-Mari Nilsen.