Vossatur 4.juni .

Publisert av Ivan Sjåstad den 24.06.24.

Vellukka Vossa-tur for telepensjonistane

Sjølvsagt skulle me gjerne sett at godveret vi hadde i mai hadde vart til 4. juni då Telepensjonistane i Bergen drog på tur til Voss. Men gråveret og dei «snille» regndråpane fyrst på dagen viste seg å ikkje ha noko å sei korkje for togruren frå Bergen til Voss eller for den vesle uroa ein kanskje hadde for at gondolbana på Voss skulle føra oss opp til ein tåkeheim på Hangurstoppen. Gondolbana ja, for mange var det fyrste gongen ein fekk denne luftige turen opp frå Voss stasjon sine 56,5 meter over havet til dei 818 metrane på Hanguren. Utsikta over Voss på denne turen er formidabel, men etter nokre minuttar «orienteringstur» i 5 plussgrader oppe på platået, var det godt å koma inn på restauranten og nyta varm kaffi og velsmakande rundstykke. Der fekk vi også ei fin orientering om gondolbana og Hanguren av administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle, ettar at Kjellaug Gjerstad Norheim hadde ynskt oss velkomne til Voss, og det ho vona ville bli ein interessant dag. Vel nede igjen i Voss sentrum var det fyrst busstur inn til Bordalsgjelet. For mange var dette noko ein ikkje hadde høyrt om på førehand, og det var veldig interessant både å få ei grei orientering om dette spesielle juvet og dei mange jettegrytene av Lars Terje Tveito, medan vi smakte på den delen av vossakulturen som heiter vossaøl. Etterpå var det vandring på den godt tilrettelagde stien inn i sjølve gjelet. Imponerande var det i høgste grad, og også noko å fortelja andre uvitande vestlendingar om. Derifrå gjekk bussturen opp til Hedleberget, for mange kanskje mest kjent som Voss Skiferbrudd.

Her tok Gunnar Gjerme oss med gjennom historia til skiferbruddet, og han tok oss også med på ei interessant vandring nedover og innover i anlegget. Historia for skiferbruddet skriv seg tilbake til 1700-talet, der ein finn opphavet til skiferdrift i Hedleberget på Kyte. Rundt år 1900 var det til dømes den største arbeidsstaden i Voss kommune med om lag 200 tilsette berre i anlegget på Kyte. Tilbake på Vangen var det tid for avslutting av dagen med ein velsmakande middag på Fleischers Hotel, godt akkompagnert av gode historier frå tidlegare leiar av hotellet Gerd Tønjum og ikkje minst turleiaren vår denne dagen, Kjellaug Gjerstad Norheim. Ho og dei ho har hatt med seg har for øvrig all ære av ein flott opplagt og interessant Vossa-dag for oss telepensjonistar.

PS! For fleire bilder se album "Vossatur".

Lars Hauge