Sommermøte til Telepensjonistene Øystese

Publisert av Ivan Sjåstad den 23.06.24. Oppdatert 23.09.24.
Sommermøte til Telepensjonistene 4.juni

Me samla oss i fleire bilar, og køyrde til Hallvardsnaustet i Strandebarm .
Her i det historiske sjønaustet  som ligg i heilt nede ved Hardangerfjorden vart me ynskt velkomne ,
og fekk informasjon om underhaldning og middag av skodespelar Arnhild Litlere.
Ho presenterte Olav Slettevold;
 som så fortalte historien om Hallvardsnaustet  frå tida det vart selt tre tomter aust for bekken til det vart båtbyggjarverkstad fram til 1983, og  til han ti år seinare i 1993 sjølv kjøpte det . Olemann som han vert kalla lagde då rekneskapskontor på loftet og nede arrangerte han olsokfestar.
Festane vart etterkvart så ettertrakta at han måtte byggja på nytt kjøkken. Han selte det til Barmen as ,og dermed var restaurant  Hallvardsnaustet oppstått.
 
 
 
 
 
 
Etter Olemann kom Arnhild Litlere;
og fortalte om Jon Fosse og las små tekster av han. Det er stort at Strandebarm har ein vinnar av Nobelpris og dertil ein nynorsk forfattar. Me fekk små glimt frå livet hans , og dikt og stykker han har skrive.
 
 
 
 
 

 
 
Me fekk så servert oksekjake med mor og grønsaker;
Eit fantastisk måltid laga av lokale råvarer. Til dette kunne me velja vin, lokalprodusert eplesaft eller kaldt vatn.
 
 
Me var vel tjue kvinner som hadde eit par fine timar i Hallvardsnaustet medan regnet piska på rutene og sjøen slo mot stranda.

 

 

Ref: Ingrid Bjørke Nisamjan